tysdag 11. september 2007

Takk for innsatsen

Valet gjekk "te donders", diverre. Men me gjev ikkje opp, og kjem til å halda fram med å kjempa for dei sakene som me og veljarane våre er opptekne av, sjølv om me ikkje kan gjera det frå innsida av kommunestyresalen.

Vil du vera med å gjera Raudt Stord til eit stort og slagkraftig parti? Me treng alltid fleire medlemer for å byggja organisasjonen, auka aktivitetsnivået og fylla opp partikassen. Ta kontakt på stord@raudt.no då vel!

søndag 9. september 2007

Røyst raudt - Røyst RV i morgon!

I morgon er det alvor. No i innspurten er det viktig at du som vil at RV skal vera i kommunestyret, faktisk røystar på oss. Kvar einaste røyst tel, og di røyst kan vera den som må til for at me kjem inn!

Godt val!

fredag 7. september 2007

Alle får røysta!

RV er letta over at ordførar Magne Rommetveit på vegne av seg sjølv og valstyret svarar på vårt utspel. Ordføraren seier at i Stord kommune skal ingen verta nekta å røysta sjølv om dei ikkje har legitimasjon.

- Det er kjempebra at ordføraren let omsynet til lokaldemokratiet gå føre lojaliteten til regjeringa. Eg er glad for at ordføraren presiserer at det er eit overordna mål at alle skal få røysta, seier Mohamed Kallel.

torsdag 6. september 2007

Nettmøte

Mohamed Kallel har vore på nettmøte i Bladet Sunnhordland i dag.

Sjå kva han svarte her!.

Svaret på det eine spørsmålet kom diverre ikkje med. I håp om at spørjaren kikar innom nettsida vår, legg me ut spørsmålet og svaret her.

Trine spør:
Bortkasta å røyste RV?
RV har jo ærleg tala liten sjans for å koma i kommunestyret, er det ikkje bortkasta å stemme rv?

Me svarer:
Det er ikkje bortkasta å røysta på RV. Dei små partia treng omlag 150 røyster for å få den siste plassen i kommunestyret. Me har fått fleire røyster enn dette ved stortingsval. No har me bygd opp organisasjonen lokalt, og håpar me har vist at me kan spela ei viktig rolla i Stord-politikken.

Gong på gong, seinast i eit lesarbrev i Sunnhordland i går, får me døme på at innbyggjarar har prøvd å få hjelp av representantar i kommunestyret, men ingen vil ta opp sakene deira. Dette gjeld særleg i byggjesaker, der folk flest gong på gong vert overkøyrde av næringsinteresser. I kommunestyret kan me verta eit talerøyr for vanlege folk mot overmakta.

Til samanlikning må dei største partia ha mange hundre fleire røyster for å få den siste plassen i kommunestyret, på grunn av fordelingsnøkkelen som vert brukt når røystene skal fordelast på dei 35 plassane i kommunestyret.

måndag 3. september 2007

- Fattige vert fråtekne røysteretten

Nye valreglar gjer at mange fattige i praksis blir fråtekne røysteretten. No krev Raud Valallianse at Stord kommune sikrar røysteretten. - Kommunen må gje alle som treng det gratis legitimasjon, slik at dei kan røysta, seier Mohamed Kallel i Stord RV.

I haust held det ikkje med å ta med valkortet når ein skal røysta. Stortinget har samrøystes vedteke at alle veljarar må visa legitimasjon når dei skal røysta. Mohamed Kallel i RV fryktar at dette kan ta røysteretten frå mange menneske.
- Den billegaste måten å skaffa seg legitimasjon på, for folk som ikkje har førarkort, pass eller bankkort, er Posten sitt ID-kort. Det kostar 261 kroner. Om fattige menneske får valet mellom å eta middag i neste veka, eller å røysta, trur eg ikkje dei kjem til å bruka røysteretten sin, seier Kallel. Handsamingstida for å få eit ID-kort frå Posten er 7-14 dagar.

- Svært få av dei svakaste i samfunnet har særleg mykje politisk makt, og mange av dei veit ikkje eingong at reglane er endra. Dette er nok grunnen til at ingen har fanga opp dette problemet før dei siste dagane. Politikarane på Stortinget, med sine oppsvulma lønsinntekter og frynsegode, skjønar sjølvsagt ikkje korleis det er å vera fattig i Noreg, meiner Mohamed Kallel.

RV har sendt eit brev til ordførar Magne Rommetveit og valstyret i Stord der dei krev at alle som treng det får gratis legitimasjon av kommunen. Viss ikkje vil dei klaga og krevja at valet vert gjort ugyldig.

- Dette kan dreia seg om rusmisbrukarar eller sosialhjelpsmottakere, som har vorte trakka på gjennom eit langt liv. Men det dreier seg òg om førstegongsveljarar som går på vidaregåande skule og lever på eit lite bortebuarstipend eller eldre som ikkje har helsa, humør og høve til å reisa til folkeregisteret og på Posten ein månad før valet. No opplever dei å verta fråtekne ein grunnleggjande rett i eit demokratisk samfunn, nemleg røysteretten. Dette kan ikkje eit lokaldemokrati leva med, seier Kallel.

Kommunalminister Åslaug Haga, som har det øvste ansvaret for valet, har bede kommunane bruka skjønn på valdagen. – Me kan ikkje leva med at folk sin privatøkonomi eller den einskilde valfunksjonæren sitt skjønn skal avgjera om dei får vera med i val eller ikkje, er Kallel sin kommentar til dette.

-----
Les meir om saka på NRK sine nettsider

Fylkesvalkamp i ausande regn

RV sin 1. kandidat til fylkestinget, Sunniva Schultze-Florey, var med på stand på torget på Leirvik og på Amfi-senteret i helga.


Sunniva heldt mellom anna ein flammande appell om RV sitt arbeid i fylkestinget. For dei som ikkje vågde seg ut i griseveret, kan ein lesa innhaldet i appellen på Raudt Hordaland sine nettsider.

Stem feministisk - Stem RV!


Dette er den norske likestillingen:
· Kvinner tjener bare 68% av menns inntekt.
· 43 % kvinner jobber deltid.
· 86 % av minstepensjonistene er kvinner.
· 83 % av norske ordførere er menn.
· 96 % av kontantstøttemottakerne er kvinner.
· Mange tusen barn står fremdeles i barnehagekø.
· Norge har et av verdens mest kjønnsdelte arbeidsmarked.
· 100.000 norske menn bruker regelmessig vold mot kvinner.
· 13 % av norske menn er horekunder.

RV arbeider for å å oppnå kvinnefrigjøring og demokrati for alle, blant annet ved å prioritere rettferdig pensjonsordning for kvinner, styrke kvinners tilknytning til arbeidslivet og redusere bruk av deltid og midlertidig ansettelse.
Vi vil arbeide for like adopsjonsrettigheter for lesbiske og homofile.
Videre kriminalisere horekunder og øke straffenivået i voldtekts- og overgrepssaker.
Vi vil skjerpe pornolovgivningen til også å omfatte kvinnediskriminering og arbeide med tiltak mot pornofisering av det offentlige rom.
Vi vil styrke krisesentre for mishandlede og voldtatte kvinner.

KVINNER ER HALVPARTEN AV BEFOLKNINGEN, OG VÅRE STEMMER ER MED Å AVGJØRE VALGET.

GODT VALG!

Maria Malmsten, 2. kandidat Stord RV.

fredag 31. august 2007

Arbeidarpartiet, Høgre og kommuneøkonomien

Kvar einaste dag i valkampen er Arbeidarpartiet sine kandidatar i avisa og forsvarar alt det galne dei har gjort, og skryt over at dei har fått orden på økonomien.


Orden på økonomien ja. Kommunestyret har rasert ein sjukeheim og rehaben, dei har ikkje bygd ungdomsskulen som alle partia lovde oss i 2003, Alcatraz er vekke og kommunen er heilt ute av stand til å gjennomføra store prosjekt som kjem innbyggjarane til gode. Ostehøvelprinsippet har kommunen brukt til det ikkje er meir ost att. Ein kan ikkje kutta seg til betre økonomi og betre velferd, men likevel er det det kommunen prøver på. Heile kommunestyret står saman om raseringa av velferdstilbodet vårt, men Ap står åleine om å forsvara det.

Så kjem Høgre og Frp og kritiserer Ap for akkurat dette. Men kva er Høgre og Frp si løysing på problemet? Jo, streng økonomistyring. Og streng økonomistyring, det er fleire nedskjeringar det. Høgre og Frp vil altså kutta enno meir enn det dei andre partia har gjort. Men kor dei skal kutta, det er Høgre og Frp for feige til å seia.

År for år får kommunane ein mindre del av kaka. Regjeringa lovde at dei skulle retta opp kommuneøkonomien. Ja, me har fått større overføringar dei to siste åra, men det held berre så vidt til å dekkja prisstigninga, og er langt frå nok til å dekkja opp for mange år med manglande vedlikehald og renter på lån ein ikkje kan betala. Regjeringa har to år til på seg. Men det er avgjerande at lokalpartia ikkje let lojaliteten til statsbudsjettet og partia sine gå føre lojaliteten til sin eigen kommune. Kommunen må gjennom media og gjennom ”fagforeininga” si, Kommunenes Sentralforbund, seia klart ifrå at kommunesektoren må få nok pengar til å retta opp økonomien sin.

Alle partia som er representert på Stortinget i dag, har delteke i vedtak om statsbudsjett. Så den einaste i kommunestyret som ikkje har medansvar for den elendige kommuneøkonomien, må vera Fredrik Litleskare i Demokratane.

RV meiner at kommunane treng 20 milliardar som eit strakstiltak for å betala gjeld, manglande vedlikehald og anna etterslep på utgiftssida. Deretter, med god styring av kommunen, kan me få ei effektiv drift av kommunen, som på sikt vil føra til at kommunen vil spara mykje pengar. Ein kan ikkje vedta seg til effektiv drift, og ein kan ikkje driva effektivt når ein ikkje har råd til det, det er noko alle i næringslivet veit. Rart at ikkje høgresida i politikken har forstått dette, dei som alltid hyllar det private næringslivet sin effektivitet…

Mohamed Kallel

onsdag 29. august 2007

Stand på Leirvik i helga

Førstkomande laurdag, 1. september frå klokka 11.00 kan du møta Hordaland RV sin førstekandidat til fylkestingsvalet, Sunniva Schultze-Florey, på standen vår på Leirvik.

Sunniva er 22 år gamal og student ved universitetet i Bergen. Ho har vore RV sin gruppeleiar på fylkestinget i perioden 2003-2007, og satsar på ein plass i fylkesutvalet i neste periode. Sunniva har vore politisk aktiv sidan ho var 15 år, og er særleg oppteken av utdannings- og distriktspolitikk.

Den største bragden til Sunniva i utdanningskomiteen og fylkestinget den forrige perioden var at ho fekk med seg fylkestinget på å betala for skule-PCane til elevane på vidaregåande.

- Vent til etter valet!

Kommunedelplanen for Leirvik har vist seg å verta ei av dei viktigaste og mest omtalte sakene i årets valkamp. Likevel meiner kommunestyret at planen bør vedtakast før valet. Det er Raud Valallianse sterkt usamde i.

– Ei så viktig sak bør ein venta med til etter valet, så innbyggjarane får ha eit ord med i laget. Stortinget har ein udemokratisk tradisjon med å vedta viktige saker rett før valet, la ikkje kommunen vår innføra den same tradisjonen, seier Mohamed Kallel, Stord RV sin toppkandidat ved kommunevalet. – Sjølv om saka er ferdig utgreidd og handsama av administrasjonen og alle høyringsinstansar, vil det vera udemokratisk å vedta saka før valet, særleg når saka truleg er svært viktig for mange sitt val av parti i år, legg han til.

– Lokalpolitikarane si manglande vilje til å styra utviklinga i sentrum har ført til at handlegata vår no er i ferd med å døy ut, meiner Kallel. – Handelen flyttar seg dit handelskapitalistane ser at dei kan tena mest pengar. Då er det kommunestyret si oppgåva å halda imot, så jakta på profitt til handelsnæringa ikkje øydelegg trivselen og småbykjensla i sentrum. Denne oppgåva har kommunestyret i Stord forsømt, og ei viktig oppgåva i den komande perioden vert å revitalisera sentrum. Då er det sjølvsagt at det er det nye kommunestyret som bør vedta den planen som skal liggja til grunn for utviklinga vidare, avsluttar Mohamed Kallel.

Les meir om saka her

tysdag 28. august 2007

RV stør elevstreiken


RV/Raudt stør elevstreiken på torsdag der elevane protesterer mot manglande nynorske læremiddel ved skulestart. Det dreier seg om brot på det grunnleggjande kravet om å få læremiddel på eige språk.

- Det ser ikkje ut til at Djupedal og departementet hans bryr seg særleg mykje om å innfri dette kravet, seier Torstein Dahle, leiar i RV/Raudt.- Dette er ein streik som også bør få støtte frå elevar med bokmål som hovudmål, fordi det er eit svært viktig rettferdskrav, meiner han.

søndag 26. august 2007

Eit godt kulturtilbod i Stord kommune

Et godt kulturtilbud er en forutsetning for at folk skal kunna ha det bra. Samfunnsøkonomisk er det svært lønnsomt å satse på kultur, en får svært mye igjen, både direkte og indirekte. Et rikt kulturliv har god innvirkning på folk sin trivsel, og dermed på helsen vår. Det motvirker rasisme, skaper forståelse, bygger vennskap og bruer mellom mennesker.
Ikke minst er det et viktig bidrag til å forhindre fraflytting i distriktene.

Rød Valgallianse vil arbeide for å sikre et rikt og variert kulturliv i Stord kommune der ulike kunstarter, stilretninger og kulturer blir stimulert.

Kulturskolen må trygges og utvide tilbudet innenfor flere kunst og kulturuttrykk. RV vil arbeide for å senke satsene for foreldrebetaling slik at ingen blir utestengt fra tilbudet pga dårlig økonomi. Vi vil også øke kapasiteten, slik at det blir slutt på de lange ventelistene i kulturskolen.

Frivillige organisasjoner som tilbyr fritidsaktiviter til barn og unge må få bedre rammevilkår.
Kommunen må senke prisene på utleie av lokaler til frivillige lag og organisasjoner.
Kommunen må øke støtteordninger og bevilgninger til idrettsorganisasjoner, musikkkorps, internasjonal kulturklubb og andre som tilbyr fritidsaktiviter.

Stord RV vil arbeide for å senke egenandeler på kulturelle aktiviteter som f.eks kino, svømmebasseng.
Kommunen skal stille lokaler fritt til disposisjon for livssynsnøytrale seremonier, som navnefest, humanistisk konfirmasjon og lignende.

Stord RV vil arbeide for å etablere et permanent selvstyrt allaktivitetshus for ungdom i sentrum som kan gi et rusfritt tilbud også til de som ikke er aktivisert gjennom de tradisjonelle tilbudene – som idrett, kulturskole og bedehus.
Vi har et rikt kulturliv på Stord. Hadde kommunen brydd seg, og lagt bedre til rette for et mangfoldig kulturtilbud, kunne det imidlertid ha vært mye bedre. Vi trenger en kulturell oppvåkning i kommunestyret på Stord, og den vil Stord RV bidra til.

Einar Steinkopf
leder i Stord RV/ Raudt

torsdag 23. august 2007

Underhaldning i valkampen

Laurdag 25. august vert det dans i Borggata i samband med valkampen. Magdalena From Gniste skal ha eit danseopptrinn klokka 12.00 og 13.00. Møt opp!

Biletet viser Magdalena saman med 2. kandidaten vår, Maria Malmsten.

fredag 17. august 2007

Openheit og lokaldemokrati

Stord kommune har ein administrasjonsmodell der det meste er styrt av rådmann og byråkratar. Dei kommunale verksemdene er styrt av kommuneadministrasjonen og eit stort leiarsjikt, ikkje politikarane. Slik blir det lettare for kommunepolitikarane å skjera ned, det er nemleg leiarane ute i felt som må gjera dei umoglege prioriteringane.

Dei tradisjonelle partia ynskjer først og fremst å administrera kommunane, ikkje å driva med politikk. Lojaliteten til statsbudsjettet set partia i direkte konflikt med sine eigne program, og gjer det umogleg for dei å innfri valløfta sine. Politikken blir ein saus av dårlege kompromiss, innanfor rammer som gjer at han ikkje tenar andre enn næringsliv og kapital, i tillegg til politikarane sin posisjonshunger.

Stord RV vil ikkje herska, me vil vera folk sitt talerøyr i kommunestyret. Me treng folk i kommunestyret som ikkje let seg blinda av byråkratane og konsulentane sine ”gode råd” og ”fagkunnskap”.

Me vil kjempa for at brukarane og organisasjonane deira vert høyrte i større grad enn i dag. Avstanden mellom politikarane og folket må verta mindre. Me vil ta vare på innbyggjarane sin rett til innsyn og deltaking i avgjerder som vil tekne. Me godtar ikkje at vår oppgåve i kommunestyret skal vera å setja trengande og svake grupper opp imot kvarandre.

For å få ei god utvikling i kommunen sitt tenestetilbod er det òg naudsynt å nytta dei tilsette sine initiativ og erfaringar.

Stord RV vil at me som bur i kommunen skal spela ei større rolle. Openheit om avgjerder som angår oss alle er ein føresetnad for eit fungerande demokrati. Me vil flytta makta frå direktørar, økonomar og byråkratar til politikarane, og frå politikarar til folket.

RV er ikkje lojale mot statsbudsjettet, me er lojale mot veljarane våre og innbyggjarane sine behov. Me vil ikkje la oss binda til løyndom og kameraderi. At folk får innsyn i avgjerder og kan vera med på å påverka dei, avheng av at kommunen er open, og at offentlegheitslova blir følgd. Me vil ha opne møte i alle offentlege styringsorgan.

Mohamed Kallel
1. kandidat Stord RV

måndag 13. august 2007

Kandidatane våre

Foto: Eva Frøskjær Ersland

1. Mohamed Kallel er 44 år gamal og har tre born. Han kjem opphavleg frå Tunisia, og har budd i Noreg sidan 1989. Mohamed er sveisar ved Leirvik Module Technology, der han òg er vald som klubbleiar. Han har lang erfaring frå tillitsverv i fagrørsla og i RV, og er særleg oppteken av skule og industripolitikk.

2. Maria Malmsten er 43 år gamal og har seks born. Ho kjem frå Sverige og kom til Noreg i 1986. Maria er frilanssongar og dirigent, og jobbar i tillegg som veterinærassistent. Maria er særs oppteken av kultur- og miljøpolitikk.

3. Anbjørg Vattedal er 48 år og har tre born. Ho kjem frå Stord. Ho jobbar som vernepleiar på Stord sjukehus, og driv i tillegg med alternativ medisin. Anbjørg er særleg oppteken av helsepolitikk.

4. Stian Karlsen er 23 år gamal og kjem frå Stord. Han jobbar som elektrikar i Aker Kværner Elektro. På fritida spelar han trommer. Stian er oppteken av å få gode tilbod for ungdom i kommunen.

Heile lista vår kan du lesa her

fredag 10. august 2007

Valprogram

Programmet til Raudt Stord for perioden 2007-2011 er no ferdig, og ligg her.

onsdag 8. august 2007

Buss til folket - folk på bussen!

Tomme busskur er eit vanleg syn langs vegane våre. Men det synest ikkje Maria er noko rart i det heile.

Foto: Eva Frøskjær Ersland


Stord og Hordaland RV vil jobba for:
  • Eit kollektivtilbod som gjer det mogleg å klara seg utan bil
  • Forsøk med gratis bussar
  • Restriksjonar på bilbruk når kollektivtilbodet vert godt nok
  • Høgfartstog langs kysten
  • Meir person- og godstrafikk over på båt
  • Gul midtlina på riks- og fylkesvegar, to bussar må kunna møtast utan å rygga

Folkemøte

1. kandidaten vår, Mohamed Kallel, skal delta i folkemøte i turnhallen på Leirvik 29. august og på Sagvåg skule 3. september.

Me må våga å seia nei!


– Politikarane i Stord kommune har alt vist at dei er for lite viljuge til å styra utviklinga i kommunen. Det ser me resultatet av når sentrum døyr ut, all handel vert flytta til industriområdet Heiane, og private barnehagar poppar opp i tronge bustadfelt der det ikkje er plass til dei, skriv Mohamed Kallel i dette innlegget.

Les heile innlegget på innsida.no
(Foto:Eva Frøskjær Ersland)

måndag 2. juli 2007

På høg tid med utskifting

Foto: Eva Frøskjær Ersland

Ein skal leita lenge etter eit parti som har like lyst på ein plass i kommunestyret som Raudt Stord.

torsdag 31. mai 2007

Hent soldatane heim!

I snart seks år etter at Taliban-regjeringa fall, er Afghanistan i ferd med å bli ein militær og politisk katastrofe for Nato og USA.

Afghanistan er eit okkupert land, og afghanarane har rett til å gjera motstand. Når denne typen motstand veks fram også i Nord-Afghanistan, viser det at afghanarane har fått nok.

Åtaka på norske soldatar i Meymaneeh i Afghanistan viser tydeleg at Noreg er i krig, anten me sender soldatar til Nord- eller Sør-Afghanistan.

Skiljet som regjeringa prøver å skapa mellom deltaking i nord og sør er kunstig. Noreg deltek i ein okkupasjon, og ikkje fredeleg gjenoppbygging. Gjennom deltaking i krigføringa i Afghanistan avlastar Noreg òg USA, slik at dei kan halda fram med å føra krig i Irak.

Afghanarane kjempar i dag mot ein brutal og barbarisk okkupasjon, og dei hentar legitimitet i retten til sjølvforsvar, frigjering og sjølvstende for ein nasjon som har vore undertrykt av imperialistiske makter alt for lenge. Så lenge det finnest undertrykking og urettferd, vil det òg finnast kamp og motstand.

Det einaste rette no er at alle dei norske soldatane blir henta heim, og at rolla til Noreg vert snudd frå å vera krigsmakt til å vera ein aktiv motstandar mot USA si krigføring.

Mohamed Kallel
Raudt Stord

tysdag 8. mai 2007

Stopp Stoltenberg sitt pensjonsran!

Kva slags jobb du har, avgjer kor lenge du lever. Dei menna i arbeidslivet som i gjennomsnitt lever lengst, er prestar, som har ein gjennomsnittleg levealder på 81 år. På botn finn me mannlege reinhaldarar. Dei døyr når dei er 71 år. Rett bak kjem elektrikarar, industriarbeidarar og andre som har ein fysisk krevjande og kanskje farleg arbeidssituasjon. Dette verkar sjølvsagt inn på kor lenge ein ynskjer eller klarar å stå i arbeid. Eg, heile familien min og dei fleste eg kjenner, jobbar anten i industrien eller i omsorgsyrka. For oss vil Avtalefesta Pensjon (AFP) vera den sjansen me har til å få nokre gode år som pensjonistar før me vert pakka i pennalet.

Pensjonsreforma skal ”stimulera” folk til å jobba lenger – helst til me er minst 70 år. I så fall vil ein reinhaldar spara opp og betala inn til ein pensjon han praktisk tala ikkje får brukt. Prestane vil få eit feitt pensjonsfond frå dei som døyr tidlegare og ikkje får brukt sin del. Å gje ”like” pensjonsvilkår til slitarane som til dei som cruisar gjennom livet, høyrest tydelegvis svært rettferdig ut for stortingspolitikarar og LO-toppar. Men for dei av oss som faktisk må jobba for føda, er det heilt tydeleg at pensjonsreforma er djupt urettferdig. Dei fleste som har tunge yrke vil likevel måtta gå av lenge før dei er 70. Men regjeringa veit korleis dei skal ordna den biffen. Dei utslitne skal straffast.

Ei gjennomsnittsinntekt på 300 000 vil med den nye reforma gje deg ein pensjon på:
  • 120 000 kroner i året dersom du går av når du er 62 år.
  • 267 000 kroner i året dersom du klarar å jobba til du er 72.
Om presten og reinhaldsarbeidaren skal få vera pensjonistar like lenge, vil presten få ti feite år og reinhaldaren vil få ti svært magre år. Lønsskilnadane gjer realiteten mykje verre, fordi dei med dei mest fysisk krevjande jobbane vanlegvis tener mindre.

Pensjonsreforma har fire prinsipp som vil endra inntektene til kvar einskild pensjonist:
  1. Indeksering; pensjonane skal auka med berre helvta av lønsveksten.
  2. Levealderjustering; pensjonane skal reduserast med 4,5% for kvart år den gjennomsnittlege levealderen aukar.
  3. Alleårsregelen; alle år skal telja like mykje, dette vil først og fremst ramma dei med låge løner og dei som av ulike grunnar har vore heilt eller delvis ute av arbeidslivet i periodar.
  4. Avkorting vil seia at du må betala for din eigen førtidspensjon; går du av når du er 62, må pensjonen i dei fem første åra takast frå den samla pensjonen du har ”spart opp”.
Alle desse prinsippa gjer det umogleg å vidareføra dagens ordning med AFP, med den pensjonsreforma som er føreslegen. Det er difor naudsynt å stoppa heile pensjonsreforma, eller i det minste gjera drastiske endringar i forslaget. Om me ikkje klarar det no, får me prøva ved neste stortingsval.

9. mai vert det streik mot regjeringa, som gjennomfører eit stygt åtak på arbeidsfolk. Me vart lova ein ny kurs når det gjaldt arbeidsmiljølova, og det fekk me. No må me slåst for å stoppa dette åtaket på ein viktig grunnstein i velferdssamfunnet. Berre RV og SV er mot. SV har bundne hender fordi dei er i regjering. RV er ikkje på Stortinget. LO har me heller ikkje med oss for fullt, fordi leiarane i fagrørsla omfamnar det rotne pensjonsranet, og slik går mot sine eigne medlemar. Difor er det presset utanfrå, og dette presset åleine, som kan få Stortinget til å snu. Slutt opp om streiken den niande mai! Redd folketrygda!

Kjetil Grønås, Raudt Stord

måndag 30. april 2007

1. mai på Stord

PROGRAM 1. MAI 2007

PARKEN PÅ LITLABØ KL. 09.00
Tale ved Aud Berit Alsaker Haynes,
Song: v/ Raudt Kor
Blomenedlegging ved Gruvearbeidarmonumentet
Kaffe og kaker, ved venelaget for Gruo

1. MAI-FRUKOST
Grand Hotell på Leirvik kl. 10.00
Opning kl.10.30 v/ leiar i 1. mai-komiteen.
Song: v/ Raudt Kor
Appellar
Kulturinnslag: Dans ved Magdalena From Gniste
Underhaldning for born.
Frukost: kr. 80,- for vaksne
Born under 12 år, halv pris
Born under 4 år gratis
Under frukosten vil Norsk Folkehjelp ha innsamling!

1. MAI-TOG OG TALE
kl. 12.00: Samling ved Industriarbeidarmonumentet i Borggarden, oppsett av tog
kl. 12.15: Demonstrasjonstog Sagvåg Skulekorps spelar
Rute: Borggarden - Borggata – Skrivarvg. - Sæ - Torget kl. 12.45
Samling ved Industriarbeidarmonumentet i Borggarden
Tale ved: Stortingsrepresentant Per Rune Henriksen

søndag 29. april 2007

Den herlege Stordøya vår…

(Denne teksten passer godt til melodien «Herlege Stordøy»)

Herlege Stordøy, herlege Stordøy,
Fager og fin millom fjordane blå??
Kor du enn vandrar kan du nyta
Stordanaturen med alt sitt boss.
Plastikk, glasskår, blikkboks, hundadrit:
Å her er utifrå stappfullt med skit!

Herlege Stordøy, tilgrisa strender,
ligg dette heilt frå Håkon si tid?
Stig du i havet, da kan du trø på,
mange typer med fargerikt skrot.
Bekkar og vatn flyt fulle med skvip:
Å her er utifrå stappfullt med skit!

Herlege Stordøy, her kan du sykla,
Rundt på veiar så pynta med stas,
Langs alle stiar ligg det så mykje,
Ikkje ein meter er upynta gras.
Matemballasje, pressening, ett dekk.
Å dette skal visst aldri vekk.

Herlege Stordøy, så fullt med minner ,
Det same ligg her år etter år ,
Den halve sykkelen nede ved ferja ,
Barnevogna i skogen der nord ,
Bildelane er der , det same paraply ,
Å her er skjete i grend og i by!

Herlege Stordøy, plastposens Mekka,
Her kan dei blåsa så livleg omkring.
Inne i marka, på Heiane, Sagvåg,
på fjellet, Hystad og ved Eldøyane.
Bland busskur, leikeplassar, butikkar og hus,
Ja overalt på Storen er det ”plastposesus”.

Herlege Stordøy, vår skitna Stordøy,
No ska alt bli mykje betre, ja sjå:
Her er det rydda, nei det vart flytta,
Bosset har blese litt lenger inn.
Men det vert betre, no er det vår!
Da dekkjer nytt gras papir, rusk og skår.


Maria Malmsten, svensk innvandrer.

laurdag 28. april 2007

Raud Ungdom: Hent soldatane heim!

Stord Raud Ungdom hadde i dag, laurdag 28. april, ein vellukka aksjon mot NATO og krigen i Afghanistan, i samband med ministermøtet i Oslo i helga. Aksjonistane delte ut flygeblad og ba folk ta med seg leikesoldatar heim.

På sjølve «inngongspartiet» til Leirvik sentrum, gangbrua ved Leirvik skule, hengde unge aktivistar opp ein plakat med påskrifta «Hent soldatane heim», natt til i dag.



- Me ynskjer at Noreg skal vera ein fredsnasjon, ikkje delta i USA sitt oljekorstog ved å vera med på krig i eitt av dei fattigaste landa i verda, seier Håvard Tranøy, leiar i Stord RU. Håvard meiner regjeringa og særleg fredspartiet SV har svikta grunnleggjande når dei har gått med på å senda enno fleire soldatar til Afghanistan. – Regjeringa seier at soldatane berre skal vera i dei delane av landet der det er trygt. Men ingen sender vel soldatar til andre delar av verda for at dei skal vera trygge? NATO har endra karakter frå forsvars- til åtaksallianse som skal vera i stand til å forsvara dei mektigaste sine interesser overalt i verda. Ein slik allianse bør ikkje Noreg delta i, meiner den unge aktivisten, som står på sjette plass på Raudt Stord si vallista.

fredag 27. april 2007

Innlegg frå Stord RU: Gje NATO ein på trynet!

23.-26 april skal Oslo husa eit møte av dei sjeldne. Då kjem NATO sine utanriksministrar til byen, og det er duka for toppmøte. Noreg er altså vert for eit møte mellom dei største krigshissarane i verda, og NATO kjem til å møta ein Jonas Gahr Støre som vil fortelja dei at Noreg står fullt og heilt bak USA sine åtakskrigar også i framtida. Dette trass i at mesteparten av det norske folk heile tida har vore motstandarar av denne krigføringa, og at ein av grunnane til at dei raudgrøne kom til makta var nett denne krigsmotstanden..

Me i Raud Ungdom meiner at dette er heilt på trynet, og me er leie av at den massive motstanden mot krig vert usynleggjort av Stortinget og regjeringa. Me vil fortelja Jonas og NATO-toppmøtet at me er leie av å bruka ein milliard kroner i året på å bomba eitt av dei fattigaste landa i verda. Me vil at alle dei norske soldatane skal koma heim heile, og ikkje i posar. Me vil at Noreg skal slutta å føra krig mot dei svakaste i verda, og reisa seg att som ein fredsnasjon.

Noreg har eit sjølvbilete som ei fredsdua i verda. Då bør me halda oss langt vekke frå dei krigsglade NATO-haukane.

Håvard Tranøy, Stord Raud Ungdom

Berre kvite på listene

Av alle vallister i Sunnhordland, Hardanger og på Haugalandet, er det berre RV-lista på Stord som har ein innvandrar på topp.

– Innvandrere har nok med å legitimere sin eksistens i det norske samfunnet, sier Mohamed Kallel. Han er den eneste listetoppen i regionen som har utenlandsk bakgrunn.

Les meir her

RV-lista til kommunevalet

  1. Mohamed Kallel, 1963, sveisar, Åsamyrvegen
  2. Maria Malmsten, 1964, musikar, Høgestølen
  3. Anbjørg Vattedal, 1958, vernepleiar, Høgåsen
  4. Stian Karlsen, 1984, elektrikar, Trodlahaugen
  5. Astrid Salomonsen, 1987, student, Bandadalen
  6. Håvard Tranøy, 1988, student, Åsringen
  7. Einar Steinkopf, 1964, musikkpedagog, Høgestølen
  8. Magnhild Ravnskog Nilsen, 1982, student, Knosterneset
  9. Vibeke Helen Bersås, 1966, førskulelærar, Kleivane
  10. John Gunnar Skaarhaug, 1965, platearbeidar, Åsamyrvegen
  11. Henriette Knutsen, 1988, student, Kviteluren
  12. Erik Haugan, 1972, ingeniør, Nye Vågaveien
  13. Frank Ruben Åsheim, 1988, skuleelev, Øklandslio
  14. Elin Ravnskog, 1956, arkivleiar, Knosterneset
  15. Bjørg Grønås, 1961, omsorgsarbeidar, Heio
  16. Anlaug Fantoft Grutle, 1983, student, Strongalio
  17. Terje Bruket, 1956, ingeniør, Hornelandsvegen

Styret i Raudt Stord

Leiar: Einar Steinkopf, tlf 91700645
Kasserar: Mohamed Kallel, tlf 98288334
Styremedlem: Kristine Agersborg, tlf 99156044

E-post til Raudt Stord: stord@raudt.no

Stiftingserklæring

Eit nytt parti er stifta

Raudt Stord vart offisielt stifta 24. april 2007. Raudt arbeidar for eit samfunn der fridom, økonomisk rettferd, internasjonal solidaritet og omsynet til naturen og miljøet står i sentrum.

Samlinga på den revolusjonære venstresida på landsmøtet i mars var berre starten. No skal me forma det nye partiet. I denne prosessen vil me invitera med oss alle som ynskjer eit nytt samfunn og som er samde i at det trengst eit nytt parti som reiskap i den daglege klassekampen. Me vil skapa eit nytt parti fordi det er mogleg og naudsynt å endra verda.

I 2007 vil me likevel stilla til val som Raud Valallianse, på grunn av føresegnene i partilova.

Den raudgrøne regjeringa vidarefører den same politikken som Bondevik-regjeringa på mange viktige område.

Raudt vil kjempa for dette:
• Me vil delta i kampen mot at Noreg skal delta i okkupasjon og krig i Afghanistan, Irak og andre stader i verda.
• Me vil delta i aksjonar når regjeringa vidarefører åtaka på pensjonar og sjukehus.
• Me vil stogga regjeringa si vidareføring av den umenneskelege flyktningpolitikken.
• Me vil pressa på for at Noreg skal leggja ned veto mot EU sitt tenestedirektiv, mellom anna for å unngå auka sosial dumping.
• Me vil reisa kravet om forkorting av arbeidsdagen, likeløn og økonomisk sjølvstende for kvinner.
• Me vil jobba for ein politikk som skapar arbeid og sosial tryggleik for alle.
• Me vil forsvara heimfallsretten til vasskrafta og seia nei til all vidare privatisering av naturressursane våre.
• Me vil forsvara velferdsstaten mot vidare nedbyggjing, og jobba mot konkurranseutsetjing og privatisering
• Me vil kjempa for ein radikal miljøpolitikk, slik at me kan redda verda frå ein mogleg klimakatastrofe.
• Me vil forsvara lokalsjukehusa mot vidare nedskjeringar, og meiner at sjukehusa bør førast attende til folkevald styring.
• Me vil jobba for auka lokaldemokrati og auka regionalt sjølvstyre.
• Me meiner at den enorme statlege og private rikdommen bør visa att ved at kommuneøkonomien vert retta opp.

I dag er kapitalismen det dominerande økonomiske systemet i verda. Konkurransen om å verta størst og rikast fører til utbytting, krig og rovdrift på menneske og miljø. Kapitalismen er i dag eit hinder for utviklinga av ein rettferdig verdsorden og eit trugsmål mot livet på jorda.

Raudt meiner at eit anna samfunn er mogleg – utan utbytting, undertrykking og naud. Me vil arbeida for ei sosialistisk forandring i Noreg og i heile verda. Me ynskjer eit samfunn der den økonomiske makta er i henda på arbeidsfolk. Me ynskjer eit demokratisk og sosialistisk samfunn som vert styrt etter mål om økologisk balanse, individuell fridom, kvinnefrigjering og sosial rettferd. Me ynskjer ei verd som er bygd på menneskerettar, fellesskapsløysingar, fridom og internasjonalt samarbeid. Me ynskjer at undertrykte menneske skal gjera opprør mot overgrep og utbytting, og at menneska vert i stand til å skapa ei framtid der folk flest tek makta – ein sosialistisk revolusjon. Me vil bidra til å skapa grunnlaget for at menneska kan utvikla eit samfunn utan undertrykte og undertrykkjarar; eit klasselaust samfunn.

Me treng eit sosialistisk arbeidarparti i kommunestyret, i fylkestinget og på Stortinget. Me treng eit parti som samstundes er ei aktiv kraft der det viktigaste skjer: på grunnplanet i fagrørsla, kvinnerørsla, miljørørsla, antikrigsrørsla og Nei til EU.

Raudt er eit parti med store mål. Me har medlemer med allsidig og lang erfaring frå partipolitisk arbeid, frå fagrørsla og frå mange andre organisasjonar. Me har ungdom, feministar, antirasistar, innvandrarar og kulturaktivistar. Me ynskjer å vera eit ope parti, der ulike meiningar utviklar oss og politikk vert utvikla i eit arbeidsfellesskap.

Bli med i arbeidet for ei ny og betre verd!