måndag 3. september 2007

- Fattige vert fråtekne røysteretten

Nye valreglar gjer at mange fattige i praksis blir fråtekne røysteretten. No krev Raud Valallianse at Stord kommune sikrar røysteretten. - Kommunen må gje alle som treng det gratis legitimasjon, slik at dei kan røysta, seier Mohamed Kallel i Stord RV.

I haust held det ikkje med å ta med valkortet når ein skal røysta. Stortinget har samrøystes vedteke at alle veljarar må visa legitimasjon når dei skal røysta. Mohamed Kallel i RV fryktar at dette kan ta røysteretten frå mange menneske.
- Den billegaste måten å skaffa seg legitimasjon på, for folk som ikkje har førarkort, pass eller bankkort, er Posten sitt ID-kort. Det kostar 261 kroner. Om fattige menneske får valet mellom å eta middag i neste veka, eller å røysta, trur eg ikkje dei kjem til å bruka røysteretten sin, seier Kallel. Handsamingstida for å få eit ID-kort frå Posten er 7-14 dagar.

- Svært få av dei svakaste i samfunnet har særleg mykje politisk makt, og mange av dei veit ikkje eingong at reglane er endra. Dette er nok grunnen til at ingen har fanga opp dette problemet før dei siste dagane. Politikarane på Stortinget, med sine oppsvulma lønsinntekter og frynsegode, skjønar sjølvsagt ikkje korleis det er å vera fattig i Noreg, meiner Mohamed Kallel.

RV har sendt eit brev til ordførar Magne Rommetveit og valstyret i Stord der dei krev at alle som treng det får gratis legitimasjon av kommunen. Viss ikkje vil dei klaga og krevja at valet vert gjort ugyldig.

- Dette kan dreia seg om rusmisbrukarar eller sosialhjelpsmottakere, som har vorte trakka på gjennom eit langt liv. Men det dreier seg òg om førstegongsveljarar som går på vidaregåande skule og lever på eit lite bortebuarstipend eller eldre som ikkje har helsa, humør og høve til å reisa til folkeregisteret og på Posten ein månad før valet. No opplever dei å verta fråtekne ein grunnleggjande rett i eit demokratisk samfunn, nemleg røysteretten. Dette kan ikkje eit lokaldemokrati leva med, seier Kallel.

Kommunalminister Åslaug Haga, som har det øvste ansvaret for valet, har bede kommunane bruka skjønn på valdagen. – Me kan ikkje leva med at folk sin privatøkonomi eller den einskilde valfunksjonæren sitt skjønn skal avgjera om dei får vera med i val eller ikkje, er Kallel sin kommentar til dette.

-----
Les meir om saka på NRK sine nettsider

Ingen kommentarer: