fredag 1. mai 2009

Arbeidarane sin dag 2009

Raudt Stord gratulerer alle med dagen i dag. 1. mai har i mange år vore ein viktig dag for arbeidarklassen, der me kan markera våre kampsaker. Årets markering er òg ei markering av 100-årsjubileet for opprettinga av den første fagforeininga på Stord. Hovudtalar var Erna Hagensen frå Norsk arbeidsmandsforbund.

Dette er nokre av parolane til Raudt Stord og Sunnhordland LO i årets markering av arbeidarane sin internasjonale kampdag:
  • Veto mot tenestedirektivet - Nei til sosial dumping
  • Nei til norsk deltaking i angrepskrig
  • Fritt Palestina - Israel ut av dei okkuperte områda
  • Nei til ufrivillig deltid
Raudt vart i år markert og representert av Lone Lunemann Jørgensen, som er Raudt Stord sin kandidat til stortingsvalet i haust og står på 2. plass på vallista. Ho heldt ein flammande appell om Israel sin blodige og langvarige okkupasjon av Palestina. Appellen kan du lesa her.

Her kan du sjå kva lokalavisene skriv om arrangementet:

måndag 16. februar 2009

Ope møte på Stord om den økonomiske krisa

Ope møte med Torstein Dahle og Lone L. Jørgensen: «Den økonomiske krisa og utfordringane for venstresida».

Tid: Måndag 16.februar kl.19.00. Stad: Stord kulturhus (i kjellaren). Kl.20.00 byrjer Raudt Stords årsmøte. Torstein Dahle og Lone L. Jørgensen er første- og andrekandidat for Raudt Hordaland ved Stortingsvalet.

onsdag 28. mai 2008

Stopp homohetsen!

Eg gidd ikkje å bruka så mykje tid på folk som brukar fleire tusen år gamle skrifter, rivne ut av den kulturelle samanhengen sin, til å prova at homofili er farleg og stygt. Men i Arvid Olsen sitt lesarbrev i Sunnhordland 27. mai beit eg meg merke i ein ting. Det er jo ikkje noko nytt at mange er livredde for at homofile skal få elska kven dei vil på same måte som alle andre, men når Olsen skriv:

«Det forundrer meg at et ørlite mindretall, som dette vedrører, skal greie å få trumfet gjennom en lov, og tre den nedover hodene på det store flertall av befolkningen i Norge!»

så trur eg han har misforstått ganske kraftig. For det er jo ingen som har tenkt å tre noko ned over hovudet på deg, meg eller andre heterofile, Olsen! Du treng jo ikkje inngå ekteskap med homofile om du ikkje vil. Det er med glede eg kan opplysa deg at tvangsekteskap faktisk er i strid med lova, og at du dermed slepp å få dette tredd nedover hovudet. Du kan elska kven du vil!

Kjetil Grønås
Raudt Stord

måndag 7. april 2008

Sei nei i uravstemminga!

Roar Flaathen har ordna AFP-tillegg til dei som ikkje tek ut AFP. Det er vel omtrent det einaste LO-medlemane har fått ut av AFP-avtalen i tariffoppgjeret. Men LO-medlemane ba ikkje om meir pengar til dei som klarar å jobba til dei er 67. LO-medlemane ba om ei god ordning for dei som ikkje kan stå i arbeid så lenge. Og dess yngre du er, dess dårlegare vert ordninga for deg. Folk som er fødde etter 1963, vil ikkje få høve til å gå av med AFP i det heile.

LO-leiinga og regjeringa køyrer no ein massiv propagandakampanje for å pressa dette ranet gjennom i uravstemminga. Dei seier at alle tenar på det, og kjem med urealistiske reknestykke som byggjer på folk som har same inntekt heile livet, aldri er sjuke og kan stå i arbeid i 43 år. Ikkje den typiske AFP-pensjonist, med andre ord.

Gunnar Rutle, ein pensjonist frå Ålesund, har laga ein kalkulator der du kan rekna ut kor mykje du tapar på avtalen. Denne kalkulatoren, og mykje anna viktig informasjon og fakta om AFP og pensjonsreforma, kan du finna her.

På Raudt sine nettsider finn du ein litt enklare tabell.

Raud Ungdom har heller ikkje latt seg lura av propagandaen, og kallar avtalen eit svik mot dei unge.

søndag 6. april 2008

Nytt nummer av Rødt Nytt

Utgåva nummer tre av partiavisa er ute. Dette nummeret har stoff om AFP og tariffoppgjeret, og andre aktuelle saker. Du kan lesa avisa her eller teikna eit gratis abonnement ved å senda ein epost til redaksjonen@roedt.no.

fredag 15. februar 2008

Studiesirkel

Raudt Stord tek til med studiesirkel att den 3. mars. Me skal studera boka sosialisme skapes ikke i himmelen, skriven av den amerikanske økonomen Michael Lebowitz.

Viss du vil studera saman med oss, kan du ta kontakt med Kjetil på telefon 905 73 306, eller senda e-post til stord@raudt.no.

Studiesirkelen vår kan du finna her.

tysdag 11. september 2007

Takk for innsatsen

Valet gjekk "te donders", diverre. Men me gjev ikkje opp, og kjem til å halda fram med å kjempa for dei sakene som me og veljarane våre er opptekne av, sjølv om me ikkje kan gjera det frå innsida av kommunestyresalen.

Vil du vera med å gjera Raudt Stord til eit stort og slagkraftig parti? Me treng alltid fleire medlemer for å byggja organisasjonen, auka aktivitetsnivået og fylla opp partikassen. Ta kontakt på stord@raudt.no då vel!

søndag 9. september 2007

Røyst raudt - Røyst RV i morgon!

I morgon er det alvor. No i innspurten er det viktig at du som vil at RV skal vera i kommunestyret, faktisk røystar på oss. Kvar einaste røyst tel, og di røyst kan vera den som må til for at me kjem inn!

Godt val!

fredag 7. september 2007

Alle får røysta!

RV er letta over at ordførar Magne Rommetveit på vegne av seg sjølv og valstyret svarar på vårt utspel. Ordføraren seier at i Stord kommune skal ingen verta nekta å røysta sjølv om dei ikkje har legitimasjon.

- Det er kjempebra at ordføraren let omsynet til lokaldemokratiet gå føre lojaliteten til regjeringa. Eg er glad for at ordføraren presiserer at det er eit overordna mål at alle skal få røysta, seier Mohamed Kallel.

torsdag 6. september 2007

Nettmøte

Mohamed Kallel har vore på nettmøte i Bladet Sunnhordland i dag.

Sjå kva han svarte her!.

Svaret på det eine spørsmålet kom diverre ikkje med. I håp om at spørjaren kikar innom nettsida vår, legg me ut spørsmålet og svaret her.

Trine spør:
Bortkasta å røyste RV?
RV har jo ærleg tala liten sjans for å koma i kommunestyret, er det ikkje bortkasta å stemme rv?

Me svarer:
Det er ikkje bortkasta å røysta på RV. Dei små partia treng omlag 150 røyster for å få den siste plassen i kommunestyret. Me har fått fleire røyster enn dette ved stortingsval. No har me bygd opp organisasjonen lokalt, og håpar me har vist at me kan spela ei viktig rolla i Stord-politikken.

Gong på gong, seinast i eit lesarbrev i Sunnhordland i går, får me døme på at innbyggjarar har prøvd å få hjelp av representantar i kommunestyret, men ingen vil ta opp sakene deira. Dette gjeld særleg i byggjesaker, der folk flest gong på gong vert overkøyrde av næringsinteresser. I kommunestyret kan me verta eit talerøyr for vanlege folk mot overmakta.

Til samanlikning må dei største partia ha mange hundre fleire røyster for å få den siste plassen i kommunestyret, på grunn av fordelingsnøkkelen som vert brukt når røystene skal fordelast på dei 35 plassane i kommunestyret.