fredag 17. august 2007

Openheit og lokaldemokrati

Stord kommune har ein administrasjonsmodell der det meste er styrt av rådmann og byråkratar. Dei kommunale verksemdene er styrt av kommuneadministrasjonen og eit stort leiarsjikt, ikkje politikarane. Slik blir det lettare for kommunepolitikarane å skjera ned, det er nemleg leiarane ute i felt som må gjera dei umoglege prioriteringane.

Dei tradisjonelle partia ynskjer først og fremst å administrera kommunane, ikkje å driva med politikk. Lojaliteten til statsbudsjettet set partia i direkte konflikt med sine eigne program, og gjer det umogleg for dei å innfri valløfta sine. Politikken blir ein saus av dårlege kompromiss, innanfor rammer som gjer at han ikkje tenar andre enn næringsliv og kapital, i tillegg til politikarane sin posisjonshunger.

Stord RV vil ikkje herska, me vil vera folk sitt talerøyr i kommunestyret. Me treng folk i kommunestyret som ikkje let seg blinda av byråkratane og konsulentane sine ”gode råd” og ”fagkunnskap”.

Me vil kjempa for at brukarane og organisasjonane deira vert høyrte i større grad enn i dag. Avstanden mellom politikarane og folket må verta mindre. Me vil ta vare på innbyggjarane sin rett til innsyn og deltaking i avgjerder som vil tekne. Me godtar ikkje at vår oppgåve i kommunestyret skal vera å setja trengande og svake grupper opp imot kvarandre.

For å få ei god utvikling i kommunen sitt tenestetilbod er det òg naudsynt å nytta dei tilsette sine initiativ og erfaringar.

Stord RV vil at me som bur i kommunen skal spela ei større rolle. Openheit om avgjerder som angår oss alle er ein føresetnad for eit fungerande demokrati. Me vil flytta makta frå direktørar, økonomar og byråkratar til politikarane, og frå politikarar til folket.

RV er ikkje lojale mot statsbudsjettet, me er lojale mot veljarane våre og innbyggjarane sine behov. Me vil ikkje la oss binda til løyndom og kameraderi. At folk får innsyn i avgjerder og kan vera med på å påverka dei, avheng av at kommunen er open, og at offentlegheitslova blir følgd. Me vil ha opne møte i alle offentlege styringsorgan.

Mohamed Kallel
1. kandidat Stord RV

1 kommentar:

Britt Kristin sa...

Hei Kjetil - og de andre i Raudt! Flott blogg - og mykje interessant innhald (eg ser de har mange gode kandidatar og - dette blir spennande!)

Sidan eg representerer KrF og dermed eitt av dei "tradisjonelle partia" går eg ut i frå - har eg lyst å seie at det er veldig mykje av i dette innlegget eg er einig i! T.d. at ein treng politikarar som ikkje let seg blinda av ikkje elt seg blinda av byråkratar og konsulentar, openhet og innsyn, og ikkje minst at me skal vera folk sitt talerøyr, ikkje herskarar! Ellers vil eg no påstå - i alle fall for vår del at me på ingen måte først og fremst ynskjer å administrera kommunane. Me vil driva politikk - me er folket - altså alle oss vanleg - sine representantar og talerøyr! Så lukke til i valkampen! Britt Kristin Ladehaug, Stord KrF.