tysdag 28. august 2007

RV stør elevstreiken


RV/Raudt stør elevstreiken på torsdag der elevane protesterer mot manglande nynorske læremiddel ved skulestart. Det dreier seg om brot på det grunnleggjande kravet om å få læremiddel på eige språk.

- Det ser ikkje ut til at Djupedal og departementet hans bryr seg særleg mykje om å innfri dette kravet, seier Torstein Dahle, leiar i RV/Raudt.- Dette er ein streik som også bør få støtte frå elevar med bokmål som hovudmål, fordi det er eit svært viktig rettferdskrav, meiner han.

2 kommentarer:

Målmannen sa...

I RV sitt gamle prinsipprogram var undertrykkjingi av nynorsken nemnd som eit moment for seg sjølv. I prinsipprogrammet åt Raudt finn eg inkje um dette. Kva hev hendt?

Kjetil sa...

Det er nok ein god gamaldags glipp, som kjem av at mange av Raudt sine medlemer ikkje har målsaka som ei av sine viktigaste kampsaker. Men takk for tipset, me bør få det inn att på neste landsmøte.