fredag 31. august 2007

Arbeidarpartiet, Høgre og kommuneøkonomien

Kvar einaste dag i valkampen er Arbeidarpartiet sine kandidatar i avisa og forsvarar alt det galne dei har gjort, og skryt over at dei har fått orden på økonomien.


Orden på økonomien ja. Kommunestyret har rasert ein sjukeheim og rehaben, dei har ikkje bygd ungdomsskulen som alle partia lovde oss i 2003, Alcatraz er vekke og kommunen er heilt ute av stand til å gjennomføra store prosjekt som kjem innbyggjarane til gode. Ostehøvelprinsippet har kommunen brukt til det ikkje er meir ost att. Ein kan ikkje kutta seg til betre økonomi og betre velferd, men likevel er det det kommunen prøver på. Heile kommunestyret står saman om raseringa av velferdstilbodet vårt, men Ap står åleine om å forsvara det.

Så kjem Høgre og Frp og kritiserer Ap for akkurat dette. Men kva er Høgre og Frp si løysing på problemet? Jo, streng økonomistyring. Og streng økonomistyring, det er fleire nedskjeringar det. Høgre og Frp vil altså kutta enno meir enn det dei andre partia har gjort. Men kor dei skal kutta, det er Høgre og Frp for feige til å seia.

År for år får kommunane ein mindre del av kaka. Regjeringa lovde at dei skulle retta opp kommuneøkonomien. Ja, me har fått større overføringar dei to siste åra, men det held berre så vidt til å dekkja prisstigninga, og er langt frå nok til å dekkja opp for mange år med manglande vedlikehald og renter på lån ein ikkje kan betala. Regjeringa har to år til på seg. Men det er avgjerande at lokalpartia ikkje let lojaliteten til statsbudsjettet og partia sine gå føre lojaliteten til sin eigen kommune. Kommunen må gjennom media og gjennom ”fagforeininga” si, Kommunenes Sentralforbund, seia klart ifrå at kommunesektoren må få nok pengar til å retta opp økonomien sin.

Alle partia som er representert på Stortinget i dag, har delteke i vedtak om statsbudsjett. Så den einaste i kommunestyret som ikkje har medansvar for den elendige kommuneøkonomien, må vera Fredrik Litleskare i Demokratane.

RV meiner at kommunane treng 20 milliardar som eit strakstiltak for å betala gjeld, manglande vedlikehald og anna etterslep på utgiftssida. Deretter, med god styring av kommunen, kan me få ei effektiv drift av kommunen, som på sikt vil føra til at kommunen vil spara mykje pengar. Ein kan ikkje vedta seg til effektiv drift, og ein kan ikkje driva effektivt når ein ikkje har råd til det, det er noko alle i næringslivet veit. Rart at ikkje høgresida i politikken har forstått dette, dei som alltid hyllar det private næringslivet sin effektivitet…

Mohamed Kallel

Ingen kommentarer: