Viser innlegg med etiketten Raud Ungdom. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Raud Ungdom. Vis alle innlegg

laurdag 28. april 2007

Raud Ungdom: Hent soldatane heim!

Stord Raud Ungdom hadde i dag, laurdag 28. april, ein vellukka aksjon mot NATO og krigen i Afghanistan, i samband med ministermøtet i Oslo i helga. Aksjonistane delte ut flygeblad og ba folk ta med seg leikesoldatar heim.

På sjølve «inngongspartiet» til Leirvik sentrum, gangbrua ved Leirvik skule, hengde unge aktivistar opp ein plakat med påskrifta «Hent soldatane heim», natt til i dag.



- Me ynskjer at Noreg skal vera ein fredsnasjon, ikkje delta i USA sitt oljekorstog ved å vera med på krig i eitt av dei fattigaste landa i verda, seier Håvard Tranøy, leiar i Stord RU. Håvard meiner regjeringa og særleg fredspartiet SV har svikta grunnleggjande når dei har gått med på å senda enno fleire soldatar til Afghanistan. – Regjeringa seier at soldatane berre skal vera i dei delane av landet der det er trygt. Men ingen sender vel soldatar til andre delar av verda for at dei skal vera trygge? NATO har endra karakter frå forsvars- til åtaksallianse som skal vera i stand til å forsvara dei mektigaste sine interesser overalt i verda. Ein slik allianse bør ikkje Noreg delta i, meiner den unge aktivisten, som står på sjette plass på Raudt Stord si vallista.

fredag 27. april 2007

Innlegg frå Stord RU: Gje NATO ein på trynet!

23.-26 april skal Oslo husa eit møte av dei sjeldne. Då kjem NATO sine utanriksministrar til byen, og det er duka for toppmøte. Noreg er altså vert for eit møte mellom dei største krigshissarane i verda, og NATO kjem til å møta ein Jonas Gahr Støre som vil fortelja dei at Noreg står fullt og heilt bak USA sine åtakskrigar også i framtida. Dette trass i at mesteparten av det norske folk heile tida har vore motstandarar av denne krigføringa, og at ein av grunnane til at dei raudgrøne kom til makta var nett denne krigsmotstanden..

Me i Raud Ungdom meiner at dette er heilt på trynet, og me er leie av at den massive motstanden mot krig vert usynleggjort av Stortinget og regjeringa. Me vil fortelja Jonas og NATO-toppmøtet at me er leie av å bruka ein milliard kroner i året på å bomba eitt av dei fattigaste landa i verda. Me vil at alle dei norske soldatane skal koma heim heile, og ikkje i posar. Me vil at Noreg skal slutta å føra krig mot dei svakaste i verda, og reisa seg att som ein fredsnasjon.

Noreg har eit sjølvbilete som ei fredsdua i verda. Då bør me halda oss langt vekke frå dei krigsglade NATO-haukane.

Håvard Tranøy, Stord Raud Ungdom