torsdag 23. august 2007

Underhaldning i valkampen

Laurdag 25. august vert det dans i Borggata i samband med valkampen. Magdalena From Gniste skal ha eit danseopptrinn klokka 12.00 og 13.00. Møt opp!

Biletet viser Magdalena saman med 2. kandidaten vår, Maria Malmsten.

fredag 17. august 2007

Openheit og lokaldemokrati

Stord kommune har ein administrasjonsmodell der det meste er styrt av rådmann og byråkratar. Dei kommunale verksemdene er styrt av kommuneadministrasjonen og eit stort leiarsjikt, ikkje politikarane. Slik blir det lettare for kommunepolitikarane å skjera ned, det er nemleg leiarane ute i felt som må gjera dei umoglege prioriteringane.

Dei tradisjonelle partia ynskjer først og fremst å administrera kommunane, ikkje å driva med politikk. Lojaliteten til statsbudsjettet set partia i direkte konflikt med sine eigne program, og gjer det umogleg for dei å innfri valløfta sine. Politikken blir ein saus av dårlege kompromiss, innanfor rammer som gjer at han ikkje tenar andre enn næringsliv og kapital, i tillegg til politikarane sin posisjonshunger.

Stord RV vil ikkje herska, me vil vera folk sitt talerøyr i kommunestyret. Me treng folk i kommunestyret som ikkje let seg blinda av byråkratane og konsulentane sine ”gode råd” og ”fagkunnskap”.

Me vil kjempa for at brukarane og organisasjonane deira vert høyrte i større grad enn i dag. Avstanden mellom politikarane og folket må verta mindre. Me vil ta vare på innbyggjarane sin rett til innsyn og deltaking i avgjerder som vil tekne. Me godtar ikkje at vår oppgåve i kommunestyret skal vera å setja trengande og svake grupper opp imot kvarandre.

For å få ei god utvikling i kommunen sitt tenestetilbod er det òg naudsynt å nytta dei tilsette sine initiativ og erfaringar.

Stord RV vil at me som bur i kommunen skal spela ei større rolle. Openheit om avgjerder som angår oss alle er ein føresetnad for eit fungerande demokrati. Me vil flytta makta frå direktørar, økonomar og byråkratar til politikarane, og frå politikarar til folket.

RV er ikkje lojale mot statsbudsjettet, me er lojale mot veljarane våre og innbyggjarane sine behov. Me vil ikkje la oss binda til løyndom og kameraderi. At folk får innsyn i avgjerder og kan vera med på å påverka dei, avheng av at kommunen er open, og at offentlegheitslova blir følgd. Me vil ha opne møte i alle offentlege styringsorgan.

Mohamed Kallel
1. kandidat Stord RV

måndag 13. august 2007

Kandidatane våre

Foto: Eva Frøskjær Ersland

1. Mohamed Kallel er 44 år gamal og har tre born. Han kjem opphavleg frå Tunisia, og har budd i Noreg sidan 1989. Mohamed er sveisar ved Leirvik Module Technology, der han òg er vald som klubbleiar. Han har lang erfaring frå tillitsverv i fagrørsla og i RV, og er særleg oppteken av skule og industripolitikk.

2. Maria Malmsten er 43 år gamal og har seks born. Ho kjem frå Sverige og kom til Noreg i 1986. Maria er frilanssongar og dirigent, og jobbar i tillegg som veterinærassistent. Maria er særs oppteken av kultur- og miljøpolitikk.

3. Anbjørg Vattedal er 48 år og har tre born. Ho kjem frå Stord. Ho jobbar som vernepleiar på Stord sjukehus, og driv i tillegg med alternativ medisin. Anbjørg er særleg oppteken av helsepolitikk.

4. Stian Karlsen er 23 år gamal og kjem frå Stord. Han jobbar som elektrikar i Aker Kværner Elektro. På fritida spelar han trommer. Stian er oppteken av å få gode tilbod for ungdom i kommunen.

Heile lista vår kan du lesa her

fredag 10. august 2007

Valprogram

Programmet til Raudt Stord for perioden 2007-2011 er no ferdig, og ligg her.

onsdag 8. august 2007

Buss til folket - folk på bussen!

Tomme busskur er eit vanleg syn langs vegane våre. Men det synest ikkje Maria er noko rart i det heile.

Foto: Eva Frøskjær Ersland


Stord og Hordaland RV vil jobba for:
  • Eit kollektivtilbod som gjer det mogleg å klara seg utan bil
  • Forsøk med gratis bussar
  • Restriksjonar på bilbruk når kollektivtilbodet vert godt nok
  • Høgfartstog langs kysten
  • Meir person- og godstrafikk over på båt
  • Gul midtlina på riks- og fylkesvegar, to bussar må kunna møtast utan å rygga

Folkemøte

1. kandidaten vår, Mohamed Kallel, skal delta i folkemøte i turnhallen på Leirvik 29. august og på Sagvåg skule 3. september.

Me må våga å seia nei!


– Politikarane i Stord kommune har alt vist at dei er for lite viljuge til å styra utviklinga i kommunen. Det ser me resultatet av når sentrum døyr ut, all handel vert flytta til industriområdet Heiane, og private barnehagar poppar opp i tronge bustadfelt der det ikkje er plass til dei, skriv Mohamed Kallel i dette innlegget.

Les heile innlegget på innsida.no
(Foto:Eva Frøskjær Ersland)

måndag 2. juli 2007

På høg tid med utskifting

Foto: Eva Frøskjær Ersland

Ein skal leita lenge etter eit parti som har like lyst på ein plass i kommunestyret som Raudt Stord.

torsdag 31. mai 2007

Hent soldatane heim!

I snart seks år etter at Taliban-regjeringa fall, er Afghanistan i ferd med å bli ein militær og politisk katastrofe for Nato og USA.

Afghanistan er eit okkupert land, og afghanarane har rett til å gjera motstand. Når denne typen motstand veks fram også i Nord-Afghanistan, viser det at afghanarane har fått nok.

Åtaka på norske soldatar i Meymaneeh i Afghanistan viser tydeleg at Noreg er i krig, anten me sender soldatar til Nord- eller Sør-Afghanistan.

Skiljet som regjeringa prøver å skapa mellom deltaking i nord og sør er kunstig. Noreg deltek i ein okkupasjon, og ikkje fredeleg gjenoppbygging. Gjennom deltaking i krigføringa i Afghanistan avlastar Noreg òg USA, slik at dei kan halda fram med å føra krig i Irak.

Afghanarane kjempar i dag mot ein brutal og barbarisk okkupasjon, og dei hentar legitimitet i retten til sjølvforsvar, frigjering og sjølvstende for ein nasjon som har vore undertrykt av imperialistiske makter alt for lenge. Så lenge det finnest undertrykking og urettferd, vil det òg finnast kamp og motstand.

Det einaste rette no er at alle dei norske soldatane blir henta heim, og at rolla til Noreg vert snudd frå å vera krigsmakt til å vera ein aktiv motstandar mot USA si krigføring.

Mohamed Kallel
Raudt Stord

tysdag 8. mai 2007

Stopp Stoltenberg sitt pensjonsran!

Kva slags jobb du har, avgjer kor lenge du lever. Dei menna i arbeidslivet som i gjennomsnitt lever lengst, er prestar, som har ein gjennomsnittleg levealder på 81 år. På botn finn me mannlege reinhaldarar. Dei døyr når dei er 71 år. Rett bak kjem elektrikarar, industriarbeidarar og andre som har ein fysisk krevjande og kanskje farleg arbeidssituasjon. Dette verkar sjølvsagt inn på kor lenge ein ynskjer eller klarar å stå i arbeid. Eg, heile familien min og dei fleste eg kjenner, jobbar anten i industrien eller i omsorgsyrka. For oss vil Avtalefesta Pensjon (AFP) vera den sjansen me har til å få nokre gode år som pensjonistar før me vert pakka i pennalet.

Pensjonsreforma skal ”stimulera” folk til å jobba lenger – helst til me er minst 70 år. I så fall vil ein reinhaldar spara opp og betala inn til ein pensjon han praktisk tala ikkje får brukt. Prestane vil få eit feitt pensjonsfond frå dei som døyr tidlegare og ikkje får brukt sin del. Å gje ”like” pensjonsvilkår til slitarane som til dei som cruisar gjennom livet, høyrest tydelegvis svært rettferdig ut for stortingspolitikarar og LO-toppar. Men for dei av oss som faktisk må jobba for føda, er det heilt tydeleg at pensjonsreforma er djupt urettferdig. Dei fleste som har tunge yrke vil likevel måtta gå av lenge før dei er 70. Men regjeringa veit korleis dei skal ordna den biffen. Dei utslitne skal straffast.

Ei gjennomsnittsinntekt på 300 000 vil med den nye reforma gje deg ein pensjon på:
  • 120 000 kroner i året dersom du går av når du er 62 år.
  • 267 000 kroner i året dersom du klarar å jobba til du er 72.
Om presten og reinhaldsarbeidaren skal få vera pensjonistar like lenge, vil presten få ti feite år og reinhaldaren vil få ti svært magre år. Lønsskilnadane gjer realiteten mykje verre, fordi dei med dei mest fysisk krevjande jobbane vanlegvis tener mindre.

Pensjonsreforma har fire prinsipp som vil endra inntektene til kvar einskild pensjonist:
  1. Indeksering; pensjonane skal auka med berre helvta av lønsveksten.
  2. Levealderjustering; pensjonane skal reduserast med 4,5% for kvart år den gjennomsnittlege levealderen aukar.
  3. Alleårsregelen; alle år skal telja like mykje, dette vil først og fremst ramma dei med låge løner og dei som av ulike grunnar har vore heilt eller delvis ute av arbeidslivet i periodar.
  4. Avkorting vil seia at du må betala for din eigen førtidspensjon; går du av når du er 62, må pensjonen i dei fem første åra takast frå den samla pensjonen du har ”spart opp”.
Alle desse prinsippa gjer det umogleg å vidareføra dagens ordning med AFP, med den pensjonsreforma som er føreslegen. Det er difor naudsynt å stoppa heile pensjonsreforma, eller i det minste gjera drastiske endringar i forslaget. Om me ikkje klarar det no, får me prøva ved neste stortingsval.

9. mai vert det streik mot regjeringa, som gjennomfører eit stygt åtak på arbeidsfolk. Me vart lova ein ny kurs når det gjaldt arbeidsmiljølova, og det fekk me. No må me slåst for å stoppa dette åtaket på ein viktig grunnstein i velferdssamfunnet. Berre RV og SV er mot. SV har bundne hender fordi dei er i regjering. RV er ikkje på Stortinget. LO har me heller ikkje med oss for fullt, fordi leiarane i fagrørsla omfamnar det rotne pensjonsranet, og slik går mot sine eigne medlemar. Difor er det presset utanfrå, og dette presset åleine, som kan få Stortinget til å snu. Slutt opp om streiken den niande mai! Redd folketrygda!

Kjetil Grønås, Raudt Stord