torsdag 31. mai 2007

Hent soldatane heim!

I snart seks år etter at Taliban-regjeringa fall, er Afghanistan i ferd med å bli ein militær og politisk katastrofe for Nato og USA.

Afghanistan er eit okkupert land, og afghanarane har rett til å gjera motstand. Når denne typen motstand veks fram også i Nord-Afghanistan, viser det at afghanarane har fått nok.

Åtaka på norske soldatar i Meymaneeh i Afghanistan viser tydeleg at Noreg er i krig, anten me sender soldatar til Nord- eller Sør-Afghanistan.

Skiljet som regjeringa prøver å skapa mellom deltaking i nord og sør er kunstig. Noreg deltek i ein okkupasjon, og ikkje fredeleg gjenoppbygging. Gjennom deltaking i krigføringa i Afghanistan avlastar Noreg òg USA, slik at dei kan halda fram med å føra krig i Irak.

Afghanarane kjempar i dag mot ein brutal og barbarisk okkupasjon, og dei hentar legitimitet i retten til sjølvforsvar, frigjering og sjølvstende for ein nasjon som har vore undertrykt av imperialistiske makter alt for lenge. Så lenge det finnest undertrykking og urettferd, vil det òg finnast kamp og motstand.

Det einaste rette no er at alle dei norske soldatane blir henta heim, og at rolla til Noreg vert snudd frå å vera krigsmakt til å vera ein aktiv motstandar mot USA si krigføring.

Mohamed Kallel
Raudt Stord

tysdag 8. mai 2007

Stopp Stoltenberg sitt pensjonsran!

Kva slags jobb du har, avgjer kor lenge du lever. Dei menna i arbeidslivet som i gjennomsnitt lever lengst, er prestar, som har ein gjennomsnittleg levealder på 81 år. På botn finn me mannlege reinhaldarar. Dei døyr når dei er 71 år. Rett bak kjem elektrikarar, industriarbeidarar og andre som har ein fysisk krevjande og kanskje farleg arbeidssituasjon. Dette verkar sjølvsagt inn på kor lenge ein ynskjer eller klarar å stå i arbeid. Eg, heile familien min og dei fleste eg kjenner, jobbar anten i industrien eller i omsorgsyrka. For oss vil Avtalefesta Pensjon (AFP) vera den sjansen me har til å få nokre gode år som pensjonistar før me vert pakka i pennalet.

Pensjonsreforma skal ”stimulera” folk til å jobba lenger – helst til me er minst 70 år. I så fall vil ein reinhaldar spara opp og betala inn til ein pensjon han praktisk tala ikkje får brukt. Prestane vil få eit feitt pensjonsfond frå dei som døyr tidlegare og ikkje får brukt sin del. Å gje ”like” pensjonsvilkår til slitarane som til dei som cruisar gjennom livet, høyrest tydelegvis svært rettferdig ut for stortingspolitikarar og LO-toppar. Men for dei av oss som faktisk må jobba for føda, er det heilt tydeleg at pensjonsreforma er djupt urettferdig. Dei fleste som har tunge yrke vil likevel måtta gå av lenge før dei er 70. Men regjeringa veit korleis dei skal ordna den biffen. Dei utslitne skal straffast.

Ei gjennomsnittsinntekt på 300 000 vil med den nye reforma gje deg ein pensjon på:
  • 120 000 kroner i året dersom du går av når du er 62 år.
  • 267 000 kroner i året dersom du klarar å jobba til du er 72.
Om presten og reinhaldsarbeidaren skal få vera pensjonistar like lenge, vil presten få ti feite år og reinhaldaren vil få ti svært magre år. Lønsskilnadane gjer realiteten mykje verre, fordi dei med dei mest fysisk krevjande jobbane vanlegvis tener mindre.

Pensjonsreforma har fire prinsipp som vil endra inntektene til kvar einskild pensjonist:
  1. Indeksering; pensjonane skal auka med berre helvta av lønsveksten.
  2. Levealderjustering; pensjonane skal reduserast med 4,5% for kvart år den gjennomsnittlege levealderen aukar.
  3. Alleårsregelen; alle år skal telja like mykje, dette vil først og fremst ramma dei med låge løner og dei som av ulike grunnar har vore heilt eller delvis ute av arbeidslivet i periodar.
  4. Avkorting vil seia at du må betala for din eigen førtidspensjon; går du av når du er 62, må pensjonen i dei fem første åra takast frå den samla pensjonen du har ”spart opp”.
Alle desse prinsippa gjer det umogleg å vidareføra dagens ordning med AFP, med den pensjonsreforma som er føreslegen. Det er difor naudsynt å stoppa heile pensjonsreforma, eller i det minste gjera drastiske endringar i forslaget. Om me ikkje klarar det no, får me prøva ved neste stortingsval.

9. mai vert det streik mot regjeringa, som gjennomfører eit stygt åtak på arbeidsfolk. Me vart lova ein ny kurs når det gjaldt arbeidsmiljølova, og det fekk me. No må me slåst for å stoppa dette åtaket på ein viktig grunnstein i velferdssamfunnet. Berre RV og SV er mot. SV har bundne hender fordi dei er i regjering. RV er ikkje på Stortinget. LO har me heller ikkje med oss for fullt, fordi leiarane i fagrørsla omfamnar det rotne pensjonsranet, og slik går mot sine eigne medlemar. Difor er det presset utanfrå, og dette presset åleine, som kan få Stortinget til å snu. Slutt opp om streiken den niande mai! Redd folketrygda!

Kjetil Grønås, Raudt Stord